Black Friday

I natt var vi på shopping. Vi reiste til Dolphin mall ca kl 23, og reiste vidare til Aventura Mall rundt kl 04. Eg og Ida var på langt nær ferdige på Dolphin, men me måtte fylje resten til neste stopp sida taxien er ganske dyr om vi berre dela prisen på to. Vi rakk ikkje alle butikkane vi ville inn på, men det gjorde alle andre etter at eg og Ida venta i 40 min etter møtetidspunktet. Yay. Vi tenkte at "jaja, vi kan handle resten på neste senter, og det dei ikkje har der, på Sawgrass Mall etterpå". MEN. Aventura Mall var eit dritt senter med dyre butikkar og nesten ingen tilbud. Og etter det var alle franskane trøtte og leie og ville heim.

Til tross for ein elendig avslutning på natta, fekk vi handla mykje fint på det første senteret. Eg har lenge leita etter ei veske som eg virkelig har forelska meg i, og i natt fant eg det! Møt det nye familiemedlemmet mitt; Michael Kors Hamilton ♥ Den kosta egentlig 329$, men grunna tilbud og 20% av den prisen igjen, betalte eg "kun" 239$ + tax, noko som faktisk ikkje er så gale om ein tenkjer seg om.


Love it <3

Sida eg og Ida på langt nær vart ferdige å handle i natt, tenkte vi oss tilbake på Dolphin eller ein tur på Sawgrass neste veke for å få gjort ferdig alt av julehandling og ellers ting vi ønske å kjøpe oss når vi først er her. I tillegg til denna hærligheiten kjøpte eg meg Juicy Dress (170$ nedsatt til 50$), rettetang (300$ nedsett til 100$) og Levi's bukser (2 for prisen av 1). Alt eg kjøpte i natt er ting eg ønska å kjøpe på tur og som eg skreiv opp på ei liste før eg reiste. Så til tross for at noke av det var veldig dyrt, så kjøpte eg kun ting eg sjølv meinar eg eg treng. Og eg betalte til saman ikkje meir enn ca 1/2 av total-summen. FORNØGD

Det kjem nok bilder av alt eg har handla meg når det kjem til heimreisa, eller etter eg har komme heim! :)

- K

2 kommentarer

Iselin Renée

30.11.2013 kl.08:20

Så fin veske :)

Kristin

01.12.2013 kl.22:12

Iselin Renée: Tusen takk! :)

Skriv en ny kommentar

Kristin

Kristin

19, Sogndal

Kategorier

Arkiv

hits