Første del av lørdagen

Eg, Manon og Charlotte reiste frå hotellet i dag tidlig kl 10 slik at vi skulle få gjort mest mulig. Vi starta med å reise til Bryan Park. Det e ein utrulig søt og liten park, ikkje langt ifrå hotellet. Midt i parken ligge det ei skøyte-bane. Vi vandra litt rundt i parken før vi drog vidare til Central Park - Allerede no hadde eg gnagsår. Central Park er ein mykje større park. Nesten som eit pitte lite miniatyr-fjell. Det er skikkelig vår-stemning her no, så det e utrulig fint å vandre rundt i parkane til tross for at det er veldig kaldt (tok ikkje med meg så mange vinterklede til Miami for å sei det slik).










Mine to beste venne ♥



Etter turen i Central Park, dro vi tilbake på hotellet for så å kjøpe sko til meg. Eg enda opp med eit par nye nike på tilbud. Eg tok dei finaste, billigaste og mest komfortable eg såg fortast mulig etter å ha vandra rundt som ei funksjonshemma ku. Veldig fornøgd med skoa då! 

Etter min spontane sko-shopping, drog vi vidare til Madame Tussaud. Utrulig mange fine og levande voksfigura!








♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥




Noken som kjenne igjen noken av voks-figurane? :)

No ligge eg i den deilige dobbelsenga mi på hotellet. Her skal eg ligge fram til 20:00, då vi reise vidare til Brooklyn Bridge eller Rockefeller Center for så å vandre i gatene, shoppe, ete på restaurant og feire Charlotte som blir 21 år i mårra! ♥

- K

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kristin

Kristin

19, Sogndal

Kategorier

Arkiv

hits