Det siste

I går var vi på Automatic igjen. Noke vi i grunn er kvar tirsdag sammen med nesten heile resten av EF. Noke som resultera i ein ikkje like glansfull dag i dag når eg begynna på skulen kl 08:15. MEN til tross for litt dårlige daga i blant so må eg få skryte litt av at eg fortsatt har 100% oppmøte på skulen i motsetning til mange andre.



Eg har ingen nye bilder i dag sida vi ikkje har gjort på noke spesielt dei siste dagane anna enn skule, så eg dele noken gamle u-viste bilder. Eg fekk ny timeplan og lærar på tirsdag sida klassen min gjekk opp ein level, og den timeplanen var heilt på tryne (starta 8 kvar dag og slutta 4 med store hol innimellom kvar time). I dag fekk vi beskjed om at vi skal få ein ny lærar igjen og vi fekk fiksa timeplanen slik at timane e fordelt etter kvarandre i staden for spredt utover heile dagen. Så no kan vi faktisk ta turen på stranda om været er i orden. Veldig fornøgd med den nye læraren vår, til tross for at den første læraren kjem til å bli savna..



I kveld skal eg og Alex ut å ete sushi på ein plass eg og Ida var på mandag. NYDELIG sushi. Har faktisk aldri smakt sushi som e så god før. I tillegg til å ete sushi så skal vi handle litt. Blir sikkert ein blanding av julepresanga og shopping til meg sjølv. Deilig å tenke på at eg ikkje skal ut sammen med alle som reise ut i kveld på Mansion.



Så må eg berre få nemne at bestaste mamma har bursdag i dag! Gratulere så utrulig mykje med dagen, mamma ♥ Håpa du får ein kjempefin dag og mange fine pakka! Du får i hvertfall ein fin ein når eg kjem heim :-) Kjempeglad i deg mamms ♥



- K

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kristin

Kristin

19, Sogndal

Kategorier

Arkiv

hits