Miami Seaquarium

I går reiste eg, Ida, Aurore, Manon og Charlotte på "Miami Seaquarium". Det var overraskande kjekt! Vi hadde strålande sol og vi fekk sjå på to av show'a som var. Vi såg først delfin-show, før vi reiste vidare på "killer whale"-show. Killer whale'en var definitivt kjekkast å sjå på. Det er heilt utrulig at eit så stort dyr klarar å hoppe over vannoverflata med heile kroppen. Den gjorde andre triks og, om å ligge på rygg å vinke, "stå på hovudet" og vinke med "hale-finnen" og snurre i piruett.


Kjempen Kristin, Ida og Charlotte





Eg og Ida reiste på stranda frå 09:30 - 13:00 før vi reiste tilbake på skulen for å ete brunch. Eg merka allerede då at eg va godt på veg til å bli ei tomat. Så du kan sei eg var bra rød utover kvelden. Haha. Eg gjekk mest mulig påkledd resten av dagen! Vi hadde det kjempekjekt på akvariet der vi fekk sjå solnedgangen, krokodille, delfin, sjøløve, manatee (sjø-ku), andre typa delfina, killer whale og skilpadde. Utrulig fin dag med koselige folk ♥




Vi vart så gode venne at eg kunne mate dei frå handa.













- K

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits