Wakeboarding

Som eg fortalte tidligare så har vi vert på wakeboard. Vi meldte oss opp slik at vi reiste sammen med ei gruppe til ein vann-park, der ein står på eit trekk som går rundt og rundt. Vi kunne velge mellom vallski, wakeboard og kneeboard. Utrulig kjekt! Mitt valg enda selfølgelig opp på wakeboard. Eg fekk til å stå på første forsøk, til tross for at eg tryna i første sving. Det var utrulig vanskelig og forstå korleis ein skulle køyre i svingane for at ein ikkje skulle få eit altfor stort rykk. Eg enda opp med å stå på hopp der eg klarte å stå vidare på 1 av 3 forsøk. Veit eg har fortalt dette før, men eg tenkte eg kunne fortelle det igjen og dele litt bilder!








Mange sjukt flinke folk der!


Og eit lite sjenert ekkorn.

(bildene er Ida sine)

Ellers så har i grunn denne dagen gått med til skule, mat, Criminal Minds og Fifty Shades. No har eg lest ferdig boka og gleda meg til å lese neste! Eg skal i mellomtida lese Heroes of Olympus bok 3 og 4 ♥ Eg gleda meg so sjukt til å begynne på dei! No blir det å slappe-tå for å mårra skal eg og Ida til Key West heile dagen! :-D

- K

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits