City tour

I dag var første dag av opphaldet vårt offisielt i gang. Alle "nykomlingane" som begynna samtidig med oss skulle møte i lobbyen på skulen og skrive under diverse papir, før vi "sign up" for eit City Tour.

Før vi reiste på Tour'en så rakk eg og Ida 1t på stranda. I dag var det jo faktisk sol når vi låg der, men det blåste så masse at sanden blei tatt i vindkasta og slengt inn i alle ledige rom som øyre, nase, auge og alt av kle, bøke og sko! Det er fortsatt utrulig mykje vind. Når vi var på CityTour fekk vi stoppa og shoppa på 2 plassa, og eg fekk kjøpt meg sportsBH, joggesko, sokka og 2 shorts - fra nike alt sammen :-) utrulig fornøgd! Vi fekk også sjå ville delfinar som tilfeldig vis var der vi hadde vårt 3. stopp (eg oppdaga dei (a) ).

Etter CityTour'en og middag, reiste eg og Ida på joggetur! Vi jogga i 40min på strand-promenaden (20min ein veg, og så tilbake). Etterpå var det iskrem med alle dei nye studentane. Utrulig kjekt. Vi blei kjend med mange nye folk. Spesielt to stk fra Nederland og ei frå Japan! Kjempekoselige folk :-) og no tenkte vi å "call it a night". Så, natta!

(Eg tok mange bilder på CityTour, men eg e fortsatt uten mac'en min ei stund til.. Så dei får komme etter kvart)

-K

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits