den amerikanske ambasaden



Då har eg endelig alt på stell til turen eg skal på i starten av november. Eg tok ein dag i Oslo hos Silje slik at eg fekk fiksa visum og samtidig ta igjen litt kvalitetstid. Klokka halv 10 på torsdag då eg kom fram, stod Silje å venta på meg på busstasjonen. Ho viste meg kor eg skulle gå når eg skulle på Ambasaden dagen etterpå (noke som var heilt nødvendig for at eg skulle klare å finne fram!), og vi åt hjemmelaga brød som Silje hadde laga. Kan det bli bedre?

Fredagen starta tidlig på Ambasaden der eg blei sittande i 2,5 tima å vente på å få ta "fingerprint". Etter eg var ferdig med det eg måtte gjere, møtte eg Silje slik at vi kunne reise på IKEA og handle noken småting. Vi laga spagetti og kjøttdeig for så å dra på shopping igjen. I 8-tida henta vi typen til Silje på toget og reiste heim for å ete sushi. NAM.



Eg hadde ein super tur til Oslo der eg fekk gjennomført noke eg har venta på å få gjennomføre slik at eg slepp å atresse meir med det, og samtidig har eg hatt ein utrulig koselig veninne-dag sammen med ei eg ikkje har sett sida ho flytta til Oslo! Den blei så absolutt så bra som den kunne bli, takka være Silje ♥ Takk! 

- K

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kristin

Kristin

19, Sogndal

Kategorier

Arkiv

hits