Everglades



















Kjempefin dag ! ♥

- K

Sol

Dei siste dagane har det vert strålande vær, så eg har prøvd å vert mest mulig i sola. Dette er tross alt siste veka mi, så i dag reiste eg og Ida på stranda kl 09-12:30 for då starta skulen.

Eg og Ida hadde eit håp om å kunne reise på masse diverse ting som snorkling og Everglades, men det einaste vi kunne reise på var Everglades, så i mårra etter vi har tatt ein test på skulen reiser vi dit! Blir kjekt :-)

-K

Dagens happening

Vi har fått ein ny gutt i klassen. Han har eit jente-namn, kjem frå Italia og helde andri munn. Forrige time hadde han diskusjon med seg sjøl (fordi han ikkje lot noken avbryte han) i 20 minutt før læraren klarte å få ordet.
Første dagen han kom hit, så sa læraren at han skulle skrive 10 sider på engelsk om eit valgfritt tema slik som resten av klassen skulle. Det hadde han ikkje lyst til, så han begynte å snakke dritt om læraren på italiensk til dei andre italienske. Så seie ho eine italienske i klassen: "du veit at læraren e italiensk, sant?" Og han berre: "mhm, sikkert". Så snur han seg til læraren som sitte å glise og seie: "suprise!!"

Hahaha!! Eg trudde eg skulle dø! Læraren vår er utrulig flink, og vi lære utrulig mykje. Han snakka flytande engelsk, har italiensk som morsspråk, kan spansk og portugisisk (om eg ikkje tar heilt feil) OG Han synge på ein uteplass om kveldane. Eg vil påstå at det er ganske imponerande.

Dagens happening.

-K

Sein

Beklaga for ingen oppdateringa på ei stund, men det har ikkje skjedd så veldig masse i det siste. Eg og Ida har i grunn hatt daga som dette: - fra skulen - til stranda - til fest - til sengs - til skulen - til stranda - skrive 5 sider innlevering for å glede læraren - senga... osv..

Vi ville på snorklng i mårra, men det er ikkje mangen nok som har lyst, så da skal me heller høyre med eit firma som organisera diverse utflukta om ka dei organisera neste veke. Etter vi har gjort det, skal eg og ida av og høyre med eit tatoveringsstudio om dei kan fikse tatoveringen min og om dei tar piercing slik at Ida kan få. Så det er berre å krysse fingrane for litt meir spennande innlegg neste veke.

Ellers så har været vert mykje bedre denna veka, og eg berre håpa at det helde seg neste veke også, slik at eg også kan få litt farge. Ekje alle som blir forveksla med spanjola slik som Ida kan ein sei. Folk får sjokk når ho seie at ho ikkje snakka spansk. Og eg berre "mhf.." Eg e jo ikkje KVITAST på skulen her, men eg tvila på at det er langt ifrå :-(


Skyline fra Miami Beach


Skyline fra Brooklyn Bridge

- K

Mandag

I dag er ein kjedelig dag. Etter skulen reiste eg og Ida og bestilte oss ein shopping-dag på Sawgrass Mall. Torsdag skal det handlast! Ingen ting å gjere resten av dagen, så eg har ein plan om å få gjort litt skulearbeid, ta meg ein lang joggetur og ei hard styrkeøkt og sjå på The Mentalist! :)

Bilde frå fredag morning etter ei natt med handling.

- K

1. desember

I dag er det 1. desember og første søndag i advent. Eg og Ida har feira dagen på mange måta. Vi starta med å sove lenge (det er tross alt søndag), for så å gå til brunch og ete vaffle og skive med kokt egg på. Etter ein hærlig frukost såg vi på serie for så å reise på basketball kamp. Kampen var utrulig! Vi (ja, eg ser på meg sjøl som ein kjempe-Miami Heat-fan allerede) leda første omgangen, for så å ligge under dei to neste. I siste omgang så heva Miami Heat nivået eit par hakk og enda med å vinne kampen 99-98 over Bobcats. Hina! Du kan tru det var bra stemning då!








Beste roomies ♥







Det var utrulig kjekt på basketball kamp, spesielt sida spenningen enda med seier til heimelaget; Miami Heat. Etter kampen drog vi heim igjen til vårt hærlige rom og hadde advents-stund med sjokolademelk, pepperkake, sjokolade, julemusikk, lys og "the julekalender" på youtube. Etter ein litt hakkete episode av julekalendaren satte vi på "jul med Mikke". Eg og Ida låg på golvet på kvar si pute som to små unga. Men vi fekk i hvertfall julestemning til tross for regn og 20 grader utafor. He-He.




♥♥♥♥

- K

RIP

Du var og vil alltid vere den beste, Paul Walker ♥




Mobilbilder fra New York

Black Friday

I natt var vi på shopping. Vi reiste til Dolphin mall ca kl 23, og reiste vidare til Aventura Mall rundt kl 04. Eg og Ida var på langt nær ferdige på Dolphin, men me måtte fylje resten til neste stopp sida taxien er ganske dyr om vi berre dela prisen på to. Vi rakk ikkje alle butikkane vi ville inn på, men det gjorde alle andre etter at eg og Ida venta i 40 min etter møtetidspunktet. Yay. Vi tenkte at "jaja, vi kan handle resten på neste senter, og det dei ikkje har der, på Sawgrass Mall etterpå". MEN. Aventura Mall var eit dritt senter med dyre butikkar og nesten ingen tilbud. Og etter det var alle franskane trøtte og leie og ville heim.

Til tross for ein elendig avslutning på natta, fekk vi handla mykje fint på det første senteret. Eg har lenge leita etter ei veske som eg virkelig har forelska meg i, og i natt fant eg det! Møt det nye familiemedlemmet mitt; Michael Kors Hamilton ♥ Den kosta egentlig 329$, men grunna tilbud og 20% av den prisen igjen, betalte eg "kun" 239$ + tax, noko som faktisk ikkje er så gale om ein tenkjer seg om.


Love it <3

Sida eg og Ida på langt nær vart ferdige å handle i natt, tenkte vi oss tilbake på Dolphin eller ein tur på Sawgrass neste veke for å få gjort ferdig alt av julehandling og ellers ting vi ønske å kjøpe oss når vi først er her. I tillegg til denna hærligheiten kjøpte eg meg Juicy Dress (170$ nedsatt til 50$), rettetang (300$ nedsett til 100$) og Levi's bukser (2 for prisen av 1). Alt eg kjøpte i natt er ting eg ønska å kjøpe på tur og som eg skreiv opp på ei liste før eg reiste. Så til tross for at noke av det var veldig dyrt, så kjøpte eg kun ting eg sjølv meinar eg eg treng. Og eg betalte til saman ikkje meir enn ca 1/2 av total-summen. FORNØGD

Det kjem nok bilder av alt eg har handla meg når det kjem til heimreisa, eller etter eg har komme heim! :)

- K

ikkje så mykje

Hei! Det er noken daga sida forrige innlegg, men det har ikkje skjedd så altfor mykje her dei siste dagane. Vi har vert på skulen og jobba med oppgåva vår om eit valgfritt tema som vi skal skrive 10 sider om (på engelsk). Eg har valgt å skrive om fair play, eller rettferdig dømming i idrett. Sida dette er eit tema som eg e litt interessert i og ingen andre har noko i nærheita av det eg har. hehe. Alle andre har om stamcelle-forskning og slike tema.

I går var eg på stranda etter skulen, hærlig med litt godvær etter lyn og torden og drittvær i over ei veke. heh. Skal på stranda i dag og, før eg reise på shopping resten av døgnet! Hello Black Friday!



Håpa alle kosa seg heime, for eg storkosa meg! ♥

- K

Les mer i arkivet » Desember 2013 » November 2013 » Oktober 2013
hits